Jens Hauge – 19.08–17.09.23

“OM DET IKKJE VART FORTALT”

Det aller meste er ikkje fortalt. Enno er det gløymt, eller alt for nær, til at det let seg inspisera eller analysera. Lat oss ei lita stund foresestilla oss at det er viktig – veldig viktig – å formulera ei forteljing om verda ikring oss. Og kanskje dra kjensel på noko vi aldri før har sett. Lat oss i alle fall prøva. Om orda ikkje strekk til; lån eit språk eller lag bilete. Leit i dungane av kvardagsobjekt. Kan du ana eit nærvær i det ordinære, noko løynt i det openbare, det kraftfulle i det heilt enkle eller sprekken i timeglaset – då er det grunnar til å halda fram. Du ser eit omriss av kjensler og eit smutthol i gjerdet. Det er noko som ikkje er riktig, noko som er i ugreie. I dungar av overflødig overflod vert me varsamt løfta fram i forteljinga. 

Jens Hauge, 2023

 

Last ned Jens Hauge CV

Velkommen! Ønsker du invitasjon til neste utstilling, meld deg på i vår kontaktside