Så stille her inne
Eg likar å oppleve dyr der dei kjenner seg trygge. Vitje rom der dyra regjerer. Der eg kikkar inn og dei kikkar ut. Rom med veggar. Rom utan veggar. Rom med himmelen som tak. Rom som rommar. Dyr. Ein sel som prøver å sove under vatn i eit dansk akvarium. Ein kråkefamilie som slit med å finne ro for natta i dei høge tretoppane ved Fjellveien ein kald vinterkveld. Eller ein apekatt i ein fransk zoologisk hage som ser drøymande ut gjennom den tjukke glasveggen mellom oss. Ikkje på meg. Berre nesten. Eller hjå dei nykypte sauene til Sigrid i eit varmt og lunt sauefjos i Kvildal.
Eg likar å vera i slike rom lenge. Så lenge eg kan. Vera så stille eg kan. Då hender det, ikkje ofte, men av og til, at eg få ei kjensle av at noko fell på plass. Ein sau blundar lett, bryr seg ikkje lenger med han som sit der på den kvelvde bøtta med eit kamera i ansiktet. Selen ser framleis ut vindauga, men ikkje lenger på meg. No kjennest det som om blikket held fram gjennom meg. I dei augneblikka får eg lov til å kjenne på noko som eg ikkje klarer å setje ord på. Noko eventyrleg. Ein merkeleg form for aksept. Ein ro. Ei stille.
Odd Mehus (f.1969) er fotograf, busett i Bergen.
Utstillingsperiode: 27. november–13. desember 2026
Opningstider: torsdag kl. 16–18, fredag–søndag kl. 12–16
Stad: Fotogalleri PAUSE, Nøstegaten 54B, Bergen
